Lesarbrev:

- Det som dreg dei fleste hit til landet er den mektige og urørte naturen, den friske lufta og dei menneska som bur og lever her

Yvonne Wold er førstekandidat for SV både på kommunelista i Rauma og på fylkeslista i Møre og Romsdal.  Foto: Evy Kavli

Nyheter

Reiselivsnæringa er ei av dei raskast veksande næringane globalt. Norske destinasjonsselskap og reiselivsoperatørar har arbeidd i mange år for å trekke turistar til landet.

Sjølv om vi er eit høgkostland, ser vi at dei har lukkast godt. Talet på cruisepassasjerar som vitjar norske hamner, og andre tilreisande, har auka markant dei siste åra. Det som dreg dei fleste hit til landet, er den mektige og urørte naturen, den friske lufta – og dei menneska som bur og lever her.

I Møre og Romsdal SV er vi opptekne av å ta vare på dei kvalitetane som dreg turistar til området vårt. Vi har framleis sjansen til å styre utviklinga slik at reiseopplevingane blir gode både for dei som kjem hit, og dei som bur her.

Tek vi dei rette grepa kan reiselivet styrke inntektsgrunnlaget både for dei som driv landbruk, dei som driv nisjebedrifter innan produksjon av mat, drikke og ymse handverksprodukt, og dei som driv i servicenæringane.

Kva kan samfunnet gjere for å få utviklinga inn i eit godt spor i vår del av landet? Møre og Romsdal SV vil:

  • Stille strengare krav til skip som skal få gå inn i fjordane våre. Vil ikkje ha skip som går på tungolje og legg att røyk som øydelegg miljøet for folk og natur.
     
  • Dei same miljøkrava som vert stilt til trafikk i verdsarvfjordane, må stillast til trafikk i andre fjordar.
     
  • Ha anlegg for landstraum i dei hamnene som tek i mot store cruiseskip, slik at skadelege utslepp vert kraftig redusert.
     
  • Ha skysstilbod med utsleppsfrie pendelbåtar som kan ta cruiseturistar inn i fjordane våre.
     
  • Spreie turisttrafikken ved å stimulere til utvikling av lokalbaserte opplevingstilbod i alle delar av fylket.
     
  • At museum, bibliotek og andre kulturinstitusjonar må settast i stand til å ha sommarope slik at tilreisande kan bli kjende med lokal kultur og eigenart.

Organisasjonen Norsk Friluftsliv har lansert eit omgrep som  heiter sporlaus ferdsel. Det er laga til fleire råd for korleis ein kan ferdast i naturen utan å skade han.

Dette er ei god oppskrift som også bør vere rettesnor for reiselivsnæringa i Noreg. Skal komande generasjonar ha glede av denne lovande næringa, må vi stelle oss lik at det vi vil vise fram ikkje vert skada og det attraktive særpreget vert borte.