To smekkfulle forestillingar med Are Kalvøs "pisking" av fjellfolket

Fjellfolket går nærmast mann av huse for å få med seg Are Kalvø-forestillinga "Hyttebok frå helvete" under Norsk Fjellfestival.

- Eg kjenner single folk som klagar på at dei mistar kontakten med gamle vener på grunn av kjærleik. Det kan eg ha ei viss forståing for. Men eg mistar venene mine til natur og stein, det er langt verre, seier kåsør og humorist Are Kalvø, som onsdag kveld skal halde to fulle forestillingar med stykket "Hyttebok frå helvete" under årets Norsk Fjellfestival.  Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Nyheter

Billettane til forestillinga med Are Kalvø er blant dei aller mest populære postane på programplakaten under årets Norsk Fjellfestival. Med full ekstraforestilling vil nærmare 700 personar ha fått med seg fjellfestivalutgåva av "Hyttebok frå helvete".