Førsteinntaket til videregående er klart

9628 søkarar har fått tilbod om plass i førsteinntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for skoleåret 2019/2020.

9628 søkere har fått tilbud om skoleplass i fylket.   Foto: Stine Vandevjen Olsen

Nyheter

I førsteinntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på om dei vil ha plassen er 12. juli.

Det seier fylkeskommunen i ei pressemelding.

Etter førsteinntaket er det 184 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 48 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 17 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er samla færre enn i fjor, mens det i år er fleire på Vg1 som ikkje har fått eit tilbod i førsteinntaket.

- Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når andreinntaket blir køyrt ca. 2. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken. Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna teknikk og industriell produksjon, naturbruk samt helse- og oppvekstfag.