Feirar frivillige i Rauma kommune

Rundt 130 frivillige er koordinert av Rauma kommune. Torsdag feirast dei med «frivilligfest» på kulturhuset.

Grethe Rødseth og Kairith Kvarsnes skal feire dei frivillige.  Foto: Stig Bruksås

Nyheter

Kairith Kvarsnes, som driv frivilligsentralen, seier at festen er ei samanslåing av fleire feiringar.

– Både kulturhuset, Friskliv og mestring og frivilligsentralen skulle arrangere sumaravslutning, så då fann vi ut at vi kunne slå saman feiringane. Og då vi var kome så langt fann vi ut at vi kunne arrangere ein fest for alle dei som er frivillige under Rauma kommune.

Og det er mange tilbod som ikkje hadde vore mogleg utan dei frivillige. Alt ifrå leseombud og leksehjelp, til besøksvener og Sterk og stødig.

Det er Grethe Rødseth frå kulturhuset, Ingvild Tømta frå Friskliv og mestring, og Kairith Kvarsnes som har teke initiativet til festen.

– Det er ufatteleg bra at vi har så mange frivillige, seier Kairith.

– Dei løfter ofte det sosiale livet til folk, og bidreg med tid og omtanke, seier ho, og siterer ein av deltakarane på formiddagstreff:

«Eg et brødskive med syltetøy heime, og eg et brødskive med syltetøy her. Men her smakar den så mykje betre. Og det er på grunn av selskapet».

Det er første gang kommunen arrangerer ein slik fest for dei frivillige, og rådmannen skal prate om samspelet mellom dei frivillige og kommunen.

– Det gleder ho seg til, seier Kairith.

– Så håper vi du kan skrive at vi er redde vi har gløymt nokon, seier Grethe og Kairith omtrent i kor.

– Det er frivillige i enkelte tenesteområde som vi kanskje ikkje har fått vite om, og då håper vi at dei gir beskjed.

Foreløpig er det 65 påmelde, og det er plass til fleir.