NM i motbakkeløp i Valldal:

Johanna og Kilian henta heim begge gullmedaljane til Rauma

Johanna Åstrøm frå Åndalsnes og Sverige og Kilian Jornet frå Måndalen og Spania tok kvar sin suverene seier under laurdagens Mefjellet opp i Valldalen, som hadde status som årets NM i motbakkeløp.
Nyheter

Kilian Jornet har dei siste åra budd i Måndalen og deltek no for Måndalen IL. Han er profesjonell fjelløpar på internasjonalt toppnivå, noko han fekk vist til det fulle under laurdagens NM-konkurranse i regi av Valldal IL.