Ny verdsrekord: 66 basehopp på eitt døgn

Tom Erik Heimen klarte målet og kan titulere seg som verdsmeister i tal basehopp på 24 timar.

Ein glad og rørt Tom Erik Heimen etter å ha sett ny verdsrekord. T.v. Richard Grov og Ingri Grov Kämpf som heidra verdmeisteren med krans og champagne.   Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

Rett før kl 14.00 fredag, eitt døgn etter at han tok gondolbana opp for sitt første hopp, landa han etter sitt 66. hopp. Dermed slo han den amerikanske rekorden med tre hopp.