«Fiskepolitiet» på fjordtokt for å verne om villaksen i elvene

2019 er det internasjonale villaksåret. Også lokalt i Rauma er det full fokus på den svært verdifulle elvefisken, og naturoppsynet har no intensivert tilsynet.
Nyheter

For to år sidan vart reglane for å  beskytte villaks og sjøaure stramma ytterlegare inn, og innanfor dei fire fredningssonene ved elvemunningane i indre delar av Romsdalsfjorden er alt fiske etter laks og sjøaure både frå båt og land forbudt heile året.