– Å fore sauer er også kultur

Han har brukt ei veke på å puste ut etter kraftanstrengelsen. Eller har han det? –Ja, det er mykje jobb, men eigentleg berre artig. Og så får eg spele sjølv!
Nyheter

Vi møter Halvor Holm i det tradisjonsrike huset heime på garden der han bur på Holm. Ein hest står ved innkøyringa, i fjøset står både sauer og lam og ventar på å kome ut på det grøne beitet.

Nokre hundre meter ovanfor huset beiter eit tital med hjort som synest dyrkajorda er betre enn nedsnødd blåbærlyng og kvitveis. Det er stille i tunet og det er vakkert. Det er lett å sjå at her bur ein familie som likar å ha ting på stell.

Vi blir helsa velkommen inn med tilbod om kaffe og ein lenestol i stova. Ein gitar står og støttar seg mot ei bokhylle. To notestativ står på golvet og ved veggen eit piano. Fleire bokhyller er fulle av bøker. På veggane heng det kunst og det er god varme i vedomnen. Kaffe kjem på bordet i eit krus det står verdas beste far på.

- Utruleg kjekt

– Ja, det er utruleg kjekt når du får gode tilbakemeldingar etter ein slik konsert som vi hadde sist laurdag, seier Halvor, den musikalske leiaren, dirigenten og solisten i Åndalsnes storband. 51-åringen frå Holm jobbar på heiltid med musikk ved Molde kulturskole og pendlar til rosebyen kvar dag.

Men å bruke delar av fritida på Åndalsnes storband reknar han som krydder. Sjølve garnityret på eit liv med musikk der han kjenner på at han får for lite tid til å vere utøvar sjølv. Å dirigere og på same tid å få spele, blir dermed påfyll både i pose og sekk.

– Nært publikum, seier Halvor om konserten for ei veke sidan. Også det ein vinn-vinn for både musikarar og publikum. Meir akustisk lyd enn eit storband til vanleg vil vere assosiert med, dempa lys og bandet plassert mellom småbord i salen, i alle fall nesten.

– Dette er ei inspirerande nærleik også for meg, seier dirigenten og snakkar om dialog og spontanitet.

Vi trudde døgnet har nok timar med musikk og i og med jobben i Molde? Halvor legg ikkje skjul på at jobben med Åndalsnes storband gjerne blir langt større og tek meir tid enn det han har betalt for. Men det er utfordringar og gleda han søker etter. Rett og slett fagleg og personleg påfyll som kjem både privatpersonen og musikkpedagogen til gode i det daglege arbeidet og i privatlivet.

– Du set høge krav både til deg sjølv og til bandet?

– Ja, men på ein annan måte enn for 25 år sidan då eg trudde eg skulle leve av å vere dirigent og arrangere musikk. Åndalsnes storband vart starta, og består også i dag, av musikarar som gjerne vil bli stilt litt høgare krav til og få større utfordringar enn dei får i Åndalsnes musikkforening.

– Og dei innfrir?

– Ja, langt på veg. Av og til blir det naturleg å tilpasse forventningar og å lage arrangement for kvar einskild musikar. Men dette er ikkje regelen. Det er viktig for meg å utrykke samme forventningar til alle, og dette er ei forventning eg har fått frå styret.

- At styret er villig til å lage rammer som gjer at vi kan satse stort i form av å engasjere kjente solistar, er viktig for å gje publikum ei spesiell oppleving og viktig som motivasjon både for meg som musikalsk leiar og for medlemmane i bandet.

Starten

Det er ei stove som er prega av musikk vi sit i på Holm, og Halvor fortel at det var her det heile starta. I huset han vaks opp i saman med foreldra og ei søster. Her var eit piano det viktigaste møbelet og Halvor minnest at det vart flytta frå vegg til vegg i rommet.

Ein periode i den kråa og ein periode ved den veggen. Sentralt plassert uansett og brakt til gards av mora som kom flyttande frå Austlandet for å busette seg på Holm i 1967. Halvor si bestemor på Austlandet var ein flink pianist og hadde spelt på dette instrumentet i mange år.

– Vi var så heldige at det kom ein lærar til Åfarnes skule på den tida som heitte Eli Pedersen. Ho gifta seg seinare til Eli Holmem og ho tilbydde pianotimar der ho budde på Åfarnes. Seinare vart det Rauma musikkskole med to lærarar som framleis er aktive. Torkil Klami og Inger Prøis Andersen.

– I dag er eg Torkil sin dirigent i storbandet, seier Halvor med eit smil. Kanskje tenker han at ringen på sett og vis er slutta her.

Så vart det Holmemstranda musikkorps saman med både unge og godt vaksne i inspirerande samspel. Og ikkje minst andre ungdommar som ville bruke tid på musikken og som vart så flinke at dei til og med reiste til Molde for å spele i kretskorpset og der nivået var svært høgt. I alle fall kjentest det slik for ungguten frå Holm. Men det var kunnskap og inspirasjon å hente i eit stimulerande miljø.

– Og så hadde eg søskenbarn på Austlandet. Dei var flinke og viste veg, fortel Halvor.

– Så du vart ikkje tatt av fotballen?

– Eg var ein hardtarbeidande midtbanespelar på Langfjorden fram til eg var rundt 14 år og hadde stor glede av det. Men det var så mange som var svært gode den gongen. Eg kom nok litt i skuggen av dei beste, seier musikaren som enno ikkje heilt forstod at det var musikk han skulle satse på. Han tok realfag på vidaregåande på Åndalsnes og skulle bli ingeniør, økonom eller arkitekt. Det var jappetid i Norge og Kåre Willoch var statsminister.

Toneheim folkehøgskole

Men søskenbarna sin musikkveg påverka Halvor som var litt lei av tunge teorifag då russetida var over på Åndalsnes. Vegen gjekk til Toneheim folkehøyskole ved Hamar og eit sterkt møte med rundt 100 andre ungdommar som elska musikk. Etter året der, vart det prøvespeling og plass ved Musikkhøyskolen i Oslo.

Ambisjonane var store og mål vart sett høgt for musikkstudenten. Belastningsskadar i armane skulle derimot jenke ambisjonane ned. Han kunne rett og slett ikkje spele så mykje som han hadde tenkt og ville. Han brukte fem år på det som kunne ha vore gjort på fire og begynte på hovudfag i musikkpedagogikk.

Men det studiet hoppa han av. Det var ikkje det han ville. Han fekk seg derimot jobb ved Musikkhøyskolen som studiekonsulent, og han tok på seg jobbar som dirigent for fleire korps som var i toppsjiktet og eliten i landet.

– Den gongen tillot eg meg sjølv å gjere berre ein einaste feil per øvingskveld. Eg jobba knallhardt, fortel dirigenten.

– Kva førte deg attende til Holm og Rauma?

Halvor tek tenketid for første gong i samtalen. Han lenar seg bakover i lenestolen og brukar tid. Han seier det gjerne er fleire ting som ligg bak ei slik avgjerd. På eit eller anna tidspunkt i livet kjem alle tankane om at du er eldstemann og oppvaksen på ein gard.

I det ligg et visse forventningar. Gjerne tankar som har vore der ei stund, men ikkje vore tenkt høgt. Tankar om at det er mange tradisjonar som skulle ha vore ført vidare og tekne vare på. Tankar om eit kulturlandskap som gror til og som blir borte om ikkje det bur folk på småbruket og om det ikkje er dyr i fjøset.

– Eg hadde heldigvis møtt ei dame som ville vere med, vi hadde akkurat fått vårt barn nummer tre og eg fekk jobb i Molde. Johannes var baby då vi flytta hit.

Etter det har Halvor pendla til regionhovudstaden. Han har vore eitrande sint på eit dårleg ferjetilbod som no endeleg har blitt bra, og han har kunne glede seg over å vere tilsett i ein kulturskule som akkurat har blitt kåra som årets kulturskule i landet. Han står midt i det han kallar eit inspirerande fagmiljø i ein by med mange kulturinstitusjonar, og der det har vore vist politisk vilje til å gje kulturskulen eit eige bygg tilpassa skulen sin varierte aktivitet.

– Noverande rådmann i Rauma, Toril Hovdenak, var ein av dei viktigaste pådrivarane for å få realisert kulturskulebygget, då som politikar i Molde, fortel Halvor.

– Men du har søkt jobbar i Rauma?

– Eg trakk søknaden min då det skulle tilsettast leiar ved Rauma Kulturhus i 2007. Så vurderte eg å søke då kultursjefstillinga vart lyst ut for nokre år sidan, men valde ikkje å søke.

– Kvifor?

– Fordi eg, etter ein lang telefonsamtale, ikkje kjente meg trygg på at kulturfeltet var viktig nok for leiinga i Rauma kommune. Viss kultur berre blir det same som å vere eit verkemiddel i eit folkehelseperspektiv, så er eg ikkje med. Kulturelle uttrykk som musikk, litteratur, billetkunst, teater og meir har eigenverd med mål om å engasjere kjenslene i oss.

Det er alltid folk i ein kommune som set pris på og som det er viktig for å oppleve ei profesjonell dansetilstelling, ein klassisk konsert eller samtidskunst. Kva er perspektivet for kulturen i Rauma kommune? For heile kulturfeltet? Kor er den politiske ambisjonen. Eg skulle gjerne ha sett ein politisk visjon for kulturarbeidet i Rauma. Har kommunen ei kulturplan? I Molde har vi no ei kulturplan som er forankra politisk og som er eit tydeleg styringsdokument.

– Kva ville du eventuelt ha gjort som kultursjef i Rauma?

– Det blir hypotetisk så lenge eg ikkje søkte på jobben, og eg må passe meg, for slikt kan det bli bråk av. Det er ikkje min intensjon, og eg vil ikkje trakke nokon på ei vond tå. Det blir gjort mykje bra kulturelt arbeid i Rauma i dag, til dømes i kulturskulen.

- Men eg ville ha jobba for eit breiare tilbod i kulturskulen, ein vidare ambisjon, og for ein aksept for at kultur er eit fag og eit fagområde som krev kunnskap i botn. Eg ville ha jobba med å få politisk aksept for dette og ein politisk debatt rundt kva kultur er og kva ein kulturambisjon skal vere.

- Eg ville dessutan ha jobba for å styrke samarbeidet i kulturlivet i Rauma. Stikkord her vil vere mellom skule, barnehage og kulturskole, og mellom det frivillige kulturlivet og det profesjonelle kulturlivet. Og dei som set dagsorden må vere interessert, seier mannen som i dag leier eit prosjekt ved Molde kulturskole der målet er å sjå på løysingar for kulturskulen når Molde, Midsund og Nesset snart skal bli ein kommune.

– Kanskje blir vi landets første kulturskule med ein større grad av digitalisering og fjernundervisning, seier Halvor.

– Du har eit sterkt samfunnsengasjement. Ser vi ein politikar i deg?

– Ja, eg har eit sterkt engasjement og eg veit kor eg står politisk. Eg deltek gjerne i debatten og skriv kanskje debattinnlegg. Men eg er aldri med i kommentarspaltene, sjølv om det sikkert også er ein del av demokratiet. Nei, eg har ikkje tid og vilje nok til å jobbe så mykje med politikk at er vil vere med på det. Eg har blitt spurt av fleire parti kvar gong det er val, men dette har eg bestemt meg for å seie nei til.

– Du bur på ein gard med dyr?

– Ja, det ligg i blodet mitt. Å fore sauer er kultur det og. Å ta vare på landskapet er ei forventning som storsamfunnet har lagt på oss som eig ein gard og litt jord. Men det finst nok ikkje den saueflokken som er stor nok til å ta vare på dette landskapet som no gror att over alt.

- For meg har det blitt heilt egoistisk motivert. Eg vil ha det fint rundt meg og vil ta vare på dette opne landskapet. Eg vil og gjerne at det skal vere dyr på ein gard. Men om storsamfunnet skal betale meg for dette arbeidet, er eg i tvil om. Dei pengane bør vel heller gå til dei som legg ned eit stort arbeid med å produsere mat. Eg er ingen gardbrukar, for meg er dette hobby og avkopling frå det eg elles held på med.

Halvor bles i saksofonen på oppfordring frå fotografen. Det skremmer hjorten på beite bak huset. Rundt ti hjortar set opp farta til skogs. Dei er merkeleg nok ikkje imponert over Halvor Holms musikalitet.