Brann i russebil på Åndalsnes

Ein russebil med åtte ungdommar ombord begynte ved 18-tida fredag kveld å brenne på E136 ved Åndalsnes. Ingen personar kom til skade under hendinga, og situasjonen er no avklart og under kontroll.
Nyheter

– Politiet fekk inn melding om ein brann i ein bil på E136 ved Åndalsnes like før kl. 18 fredag kveld, opplyser operasjonsleiar John Bratland ved Politiet i Møre og Romsdal til Åndalsnes Avis.