– Folkebiblioteka manglar ressursar

Tilsette i folkebiblioteka meiner dei treng meir opplæring og større ressursar for å løyse alle dei nye oppgåvene dei har fått.
Nyheter

Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding:

Møreforsking avslutta no i vår ei kartlegging av kompetansen til tilsette i folkebiblioteka, på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Resultata syner mellom anna at dei tilsette i folkebiblioteka i stor grad føler seg kompetente på dei vanlegaste arbeidsområda sine, som rettleiing av lånarane. Der dei i størst grad ønsker seg meir kompetanse, er innanfor relativt nye typar formidling og oppgåver, som arrangementsavvikling og prosjektaktivitetar. Det kjem også fram at mange tilsette opplever at dei har knappe ressursar på fleire område, som økonomi, fysiske lokale og stillingar, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.