Nytt utdanningstilbod for flyktningar skal bidra til å dekke behov i helsesektoren

Om formannskapet i morgon vedtar å garantere for nok antal lærlingeplassar i kommunen, blir det frå hausten av etablert ei helsefagutdanning ved RVS som er spesielt tilrettelagt for flyktningar i Rauma.

– Det nye tilbodet som helsefagarbeidar ved RVS er ekstra tilrettelagt og prioritert for folk over 25 år med minioritetsbakgrunn. Denne satsinga er ein vinn-vinn-situasjon for alle, seier leiar Gunhild Dahle i Flyktningetenesta i Rauma kommune, her saman med avdelingsleiar Ole Tommy Ødegård (t.v.) ved Rauma vidaregåande skole og helse- og omsorgssjef Kristian Skålhavn i Rauma kommune, som er medaktørar i det nye samarbeidsprosjektet.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Det er mange av flyktningane i Rauma som gjerne vil jobbe innanfor helsesektoren, og i Rauma kommune er det eit sterkt aukande behov for fleire fagfolk innan helse og omsorg i åra framover, seier leiar Gunhild Dahle i Flyktningetenesta i Rauma kommune.