– Størst av alt er kjærleiken

Etter snart 40 år på post er Petter Dahle trygg i trua på at han no er klar for livet etter prestejobben. Men spørsmåla han var meir sikker på i ungdommen, dei er ikkje der lenger. Iallfall ikkje svara.

siste påska som prest: Petter Dahle (67) er klar for si aller siste påske som prest, etter snart 40 år i yrket. Først var han 13-14 år i bergensområdet, så var han 20 år i Gjemnes. Dei siste fem åra har han vore i Rauma. – Eg er glad for at dei siste åra som prest vart her. Det var godt å kome heim til Isfjorden og Rauma, seier Petter Dahle.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Etter kvart som livet og åra veks på seg blir ein jo meir rusta til å ta imot alle spørsmåla ein får som prest. Men svara er ofte vanskelegare å finne.