Lærarar tar til motmæle:

Usant om Vågstranda skule

"At ein politikar kjem med slike usanne påstandar i det offentlege rom, går på yrkesstoltheita laus."

Vågstranda skule.  Foto: Stine Vandevjen Olsen

Nyheter

Replikk til interpellasjonen om Vågstranda skule i kommunestyremøtet 04.04.19:

Torsdag 04.04.19 var det kommunestyremøte i Rauma. Renate Soleim frå Rauma Høyre fremja ein interpellasjon om Vågstranda skule og foreslo ei endeleg nedleggjing av skulen i 2020. I ein replikk til interpellasjonen grunngav Soleim forslaget sitt på følgjande vis:

«(…) men det det her går på er at vi må sørge for at det er forsvarlig. Så lenge det altså er blitt utlyst flere stillinger for skolen hvor de prøver å få tak i flere folk i Vågstranda og de får ikke tak i det fordi det er jo altfor lite læringsmiljø og det er ikke mange som har lyst å jobbe på en så liten skole. Jeg synes det viktigste her er at vi tenker på barna, vi skal tenke på de små barna som går på de små skolene og de trenger nå å vite …».

I fare for å bruke ein unødig tone, ønskjer vi lærarar på Vågstranda skule å rette på det som vart sagt under kommunestyremøtet. Opplysningane i Soleim sin replikk er på ingen måte baserte på fakta. For det første er det ikkje mangel på lærarar ved skulen i dag. For det andre har det dermed heller ikkje vore lyst ut lærarstillingar som ikkje har vore tilsette av folk med kompetanse. For det tredje kan vi på Vågstranda skule faktisk skilte med kompetanse i alle fag. I mange år har skulen hatt kompetente lærarar, og i nokre tilfelle har det vore tilsette som har vore under relevant utdanning. Med andre ord vil det seie at argumenta til Soleim er usanne. At ein politikar kjem med slike usanne påstandar i det offentlege rom, går på yrkesstoltheita laus.

Denne situasjonen kan eigentleg seiast å vere det motsette av slik Soleim beskriv han. Vi står no ovanfor ei nedskjering som inneber at to lærarstillingar skal kuttast. Vi har eit godt arbeidsmiljø på Vågstranda og ingen av oss sit med noko ønskje om å byte tenestestad. Som Soleim sjølv seier; det viktigaste er at vi tenkjer på barna – nettopp derfor synest vi det er hjarteskjerande at to lærarar no må forlate skulen vår.

Med hjartet utanpå skjorta for Vågstranda skule;

Jasmin Arstim, Stine Brandstadmoen, Kathrine Hoem, Målfrid Kjersheim, Mariann Reistad, Anne Svendson