Suveren 2018-rekord for hjortejakta i Rauma

Aldri før har det vorte felt så mange hjortar her i kommunen som i fjor. I 2018 vart det skote 731 hjortar i Rauma. Det er ny rekord - med klar margin.

Aldri før har det vorte felt så mange hjortar i Rauma som i fjor. I tillegg til rekordhøge 731 hjortar, vart det felt minimum 71 rådyr og 15 elgar i Rauma i 2018. Ni av 15 elgar vart felt i Øverdalen og opp mot fylkesgrensa til Oppland.  Foto: Øystein Talberg

Nyheter

Berre på strekninga frå Isfjorden til Mittet, inkludert Rødven og Eidsbygda, vart det i fjor felt 420 hjortar viser nye tal over jaktstatistikken i Rauma for 2018.