Lesja inn som medeigar i Romsdalen AS: - Turistane bryr seg ikkje om kommunegrenser

- Det kjennest heilt naturleg for Lesja kommune å gå inn på eigarsida i Romsdalen AS. Lesja og Rauma kan utfylle kvarandre i utviklinga av reiselivet her i regionen.

Ordførar Mariann Skotte (Sp) og eit stort fleirtal i Lesja kommunestyre vil inn på eigarsida i reiselivsselskapet Romsdalen AS.  Foto: Lesja kommune

Nyheter

Lesjaordførar Mariann Skotte (Sp) er ikkje i tvil om at samarbeid er reiselivsmessig best både for Rauma og Lesja i den vidare utviklinga av reiselivet i vårt område.