– Foreldra må følgje ungane mykje grundigare

– Det er foreldra som har nøkkelrolla når det gjeld utfordringa med nettvett blant barn og unge.

Helsesjukepleiar Kristin Kalvøy ved Rauma helsestasjon.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

Dette seier helsesjukepleiar Kristin Kalvøy til Åndalsnes Avis. Ho starta som helsesøster i Rauma første gong i 1997, og har i denne perioden sett store endringar i korleis barn og unge kommuniserer med kvarandre.

– Nettvett og mobbing på nett har vorte ei stor utfordring og eit alvorleg problem blant barn og unge i Rauma, seier Kristin Kalvøy.

– Rauma har betydelege utfordringar med den psykiske helsa hos barn og unge, og det er naturleg å tenkje at også nettvett og mobbing på nett heng saman med dette bildet.

– Eg er veldig glad for at det blir satt fokus på dette problemet, og at det blir møter og informasjon på skulane i Rauma om dette i tida framover. Vi må starte i ung alder for å lære barna gode nettvanar.

– Her er både skulane og andre instansar viktig, men den aller vikigaste rolla er det utan tvil foreldra som har. Dei må følgje ungane tettare, spesielt når ungane har fått mobiltelefon. Og dei må sjøl vere gode forbilde overfor ungane.