Ber om forslag til fylkesprisen "Årets bedrift 2018"

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha forslag på ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg og som er verdig fylkesprisen "Årets bedrift 2018".

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad.  Foto: Terje Aamodt/Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

I ei pressemelding skriv Møre og Romsdal fylkeskommune at fylkeskommunen ønsker å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Derfor deler dei kvart år ut fylkesprisen Årets Bedrift.

- Vi vil gjerne at folk sender inn forslag til bedrifter dei meiner har gjort ein ekstra innsats i løpet av 2018. Det kan vere på områda innovasjon og nyskaping kompetanse- eller organisasjonsutvikling, eller positive ringverknader for omverda, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i pressemeldinga.

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren. I vurderinga vil utvalet legge vekt på:

  • Bedriftsøkonomisk vurdering
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region, og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, hms-profil)

Fylkesprisen Årets bedrift er delt ut kvart år sidan 2001. Mellom prisvinnarane finn vi Arvid Gjerde AS i 2011.

Her kan du sende inn ditt forslag.