Vil etablere nytt reiselivsselskap

NSB og Fjord1 vil etablere eit felles nasjonalt reiselivsselskap.

Raumabanen nemnast spesielt i omtalen av den nye satsinga.   Foto: Stein Siem

Nyheter

Målet med reiselivsselskapet er å tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Noreg, utvikle nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme, skriv Fjord1 i ei pressemelding.

– Målsettinga er å etablere ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Noreg som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon også internasjonalt, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

NSB-konsernet og Fjord1 har inngått ein intensjonsavtale om å etablere eit nytt reiselivsselskap, som dei to selskapa skal eige 50 prosent kvar. Reiselivsselskapet skal sjølv og gjennom partnarar utvikle og samle reiselivstilbod og opplevingar i heile Noreg, og tilby miljøvennlege rundreiser som saumlaust kombinerer transport med overnatting, aktivitetar og andre opplevingar.

Vil utvikle Raumabanen

I pressemeldinga kjem det fram at selskapet ønsker å bidra til lokal destinasjonsutvikling i heile Noreg, og investere i nye konsept sjølv- og i samarbeid med lokale aktørar. Satsinga skal skape verdi og arbeidsplassar også lokalt.

– Turistane som kjem til Noreg følgjer ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trongt enkelte stadar. Samstundes er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkande. Vi ønskjer saman med lokale aktørar å utvikle nye berekraftige destinasjonar og reiselivsaktivitet heile året. Eit døme er Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen, fortel Synne Homble, konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet.

Heilårsturisme og miljø

Det felles reiselivsselskapet skal bidra til meir heilårsturisme i tillegg til å løfte fram miljøvennleg turisme:

-Fjord1 sine båtar er eit globalt utstillingsvindauge for nullutsleppstransport til sjøs. Kombinasjonen av miljøvennlege båtar og rutegåande bussar og tog gir turistar som besøker oss eit berekraftig alternativ, seier Synne Homble.

NSB og Fjord1 siktar mot å etablere selskapet rundt 1. mars 2019.