Romsdalseggen er malen

Nyheter

I Gloppen i Nordfjord skal Eggenipa rustes opp for fem millionar kroner. Målet er at den 1.388 meter høge fjelltoppen blir like kjend som Besseggen og Romsdalseggen, skriv Firda. Mellom anna skal dei bruke sherpaer frå Nepal til å bygge dei siste 500 metrane til toppen.

– Når vi no skal ruste opp stien, vil vi gjere den så solid og berekraftig at den kan tole også ei auka mengde turgåarar, seier Bjarte Heggheim i foreininga som jobbar for å ruste opp stien til Eggenipa i Breim.