Når ei gamal seter blir til ei ny hytte

Tømrarmeister og setereigar Hallgeir Gjerdset lever på lag med årringane i setertømmeret når han no er i gang med eit omfattande restaureringsarbeid.

Eg er bygningsmann og det ligg ikkje for meg å gje opp eit bygg.

Nyheter

– Det var hit me gjekk. Det var hit vi tok turen då eg vaks opp. Hit og til dei andre setrene i området. Hit gjekk eg saman med far min, med broren min, som no er borte, og med gode kameratar. Det var her eg lærte meg å bli glad i fjellet, seier Hallgeir når han set seg ned og tek ein pause i arbeidet denne søndagen i oktober. Han fortel ikkje minst om mange skiturar til Skarven, Berrfjellet og Kollen og gjerne med setra som utgangspunkt og pauserom med mat og kaffi.