Rauma har innført minnelunder ved kyrkjegardane i Grytten, Voll og Rødven:

– Meir og meir etterspurt

Det mest vanlege er framleis private graver med eigne gravsteinar. Men ved tre av kyrkjegardane i Rauma kan ein no bli gravlagd i felles minnelunder.

Felles minnelunder: Grytten er ein av tre kyrkjegardar i Rauma med felles minnelunder. – Me får stadig fleire spørsmål om felles minnelunder, men private graver med eigne gravsteinar er framleis mest vanleg, seier kyrkjeverge Magny Landre. Søndag 4. november er det Allehelgensdag og fire gudstenester i Rauma.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Me har innført dette ved kyrkjegardane også i Rødven og Måndalen, men så langt er det berre ved Grytten kyrkjegard at ordninga med felles minnelund er tatt i bruk, seier kyrkjeverge Magny Landre til Åndalsnes Avis.