Sve i Rovviltnemnda: – SNO må jakte jerven

– Allmenn lisensjakt er veldig ressurskrevande både i tid og pengar, og fungerer ikkje godt nok. Statens naturoppsyn må oftare inn og felle jerv.

vil legge press: – Allmenn lisensjakt på jerv fungerer ikkje godt nok åleine. SNO bør brukast langt meir, meiner Frank Sve (Frp), som er vårt fylke sin representant i Rovviltnemnda i Midt-Norge.  Foto: Fremskrittspartiet

Nyheter

Dette seier Frank Sve i ein kommentar til Åndalsnes Avis. Sve er Møre og Romsdal sin representant i Rovviltnemnda for Midt-Norge, og fremma forslaget under møtet sist fredag om at det skal kunne fellast fire jervar i vårt fylke.