Fylkesordføraren stiller ikkje til gjenval

Gir seg med fylkespolitikk etter perioden.

Fylkesordførar Jon Aasen.  Foto: Evy Kavli

Nyheter

Fylkesordførar Jon Aasen stiller ikkje til gjenval. Det melder han i ei pressemelding.

- Etter ei grundig vurdering har eg bestemt meg for at eg ikkje lenger vil stille som kandidat til fylkestingsvalet i 2019. Når inneverande periode er over, tek eg farvel med fylkespolitikken, seier han.

Aasen sa i sommar ja til å stille til val for ein ny periode:

– Etter å ha tenkt nøye over temaet i sommar, har eg kome til at det var feil å takke ja til renominasjon. På den tida var eg nok sterkt motivert til å vere med å legge til rette for vekst og utvikling, i tråd med Hagen-utvalet/ekspertutvalet si tilråding overfor dei nye regionane. I den seinare tid har eg vorte meir og meir i tvil om realiteten i den saka. Det er i ferd med å teikne seg eit bilete av ei heller mager regionreform med omsyn på nye oppgåver, seier Aasen, som ønsker yngre krefter lykke til.

Fylkesleiar for Møre og Romsdal Ap Per Vidar Kjømoen seier til Romsdals Budstikke at det er eit tap for partiet at Aasen gir seg.

- Han har vore ein formidabel politikar, seier han til avisa.