Vegen fram har vore lang. Planane starta i 2006 då interesserte grunneigarar knytt til elva på Slemmen, begynte å tenke på å nytta vatnet til kraftverk. No er tida komen og denne veka startar store gravemaskiner med å legge rør som er 60 cm i diameter. Traseen til fjellet er så godt som rydda for skog og arbeidet med kraftstasjonen er godt i gang.

– Inntaket, som blir eit svært lite inngrep i naturen ligg på kote 329, fortel Anders Slemmen som er ein av ni medeigarar i kraftverket. Han legg til at det ikkje blir snakk om noko vanleg demning, men meir ei «betongtrakt» med ein terskel på ein meter. Inntaket blir der Slemmeå og Tverrelva møtest.

Oppstartsarbeidet var planlagt til å begynne i mai i år, men har blitt forseinka til no i august på grunn av ventetid på rør.

– Det har vore mange rundar undervegs i dette arbeidet, fortel Kari Janne Gjøen som er ein av dei andre grunneigarane i prosjektet. 12 år har det tatt og konsesjon fekk dei så langt attende som rundt 2010. Svein Arne Hendset viser til at det og har tatt både tid og pengar å gjennomføre pålagde arkeologiske undersøkingar

– Er det like god økonomi i å bygge kraftverk i dag som då planarbeidet starta?

–Med dagens pris på straum, ja, seier Kari Janne Gjøen og fortel at prosjektet har ei investeringsramme på 20 millionar kroner. Ho viser til at prosjektet er fullfinansiert av Romsdalsbanken som heile vegen har hatt god tru på prosjektet.

Nyttår

Det ambisiøse målet er at kraftstasjonen skal produsere straum frå nyttår, men eigarane innser at det målet kan vise seg å ver vel ambisiøst.

– Det kan kome ein vinter inn i bildet her som gjer at vi trong meir tid, seier Anders Slemmen og meiner at oppstart truleg heller vil bli litt ut på nyåret.

Lokale entreprenørar er hyra inn til å gjennomføre arbeidet og Steinar Rydjord legg vekt på at prosjektet slik sett gir lokale ringverknader. J.O. Moen og Anders og Alf Inge Slemmen ANS skal gjere alt grave- og transportarbeidet. Entreprenør Knut Straume står for batongarbeid og bygging av kraftstasjonen.

– Dette er lokale firma med solid kunnskap og kompetanse frå liknande prosjekt, seier Stein Rydjord.

Eigarane viser og til svært viktig kompetanse som er forankra i prosjektleiar Hermod Seim som har jobba med slike prosjekt i mange år.

– Vi har faktisk venta på han i to år, fordi vi har rekna han som så viktig å få inn, seier Steinar Rydjord.

Ein gammal seterveg vil bli delvis nytte for transporten til fjells. Helikopter vil og bli brukt til ein god del av transportarbeidet.