– Dette er ingen stor sak. Det har vore mange dugnadstimar før, så vi tek nokre til, seier stisjefen for vandrestien rundt Herjevatnet, Jo-Andre Herje. Han fortel at den største saka er der ei bru har blitt flytta med vatnet, trass i at brua både ligg høgt og har stor eigenvekt.

– Eg forstår ikkje heilt kva som har skjedd akkurat der. Det må ha vore enorme mengder med vatn, seier Jo-Andre. han er oppteken av å avdramatisere det heile. På tre-fire andre plassar er grusen vaska vekk og duken under ligg dermed opp i dagen.

– Er lærdommen av dette at de har gjort litt for dårleg planlegging?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Dette er noko ein berre må vente seg at kan skje. Ein plass må vi nok ta att og enten legge dobbel rør eller bygge ei lita brua. Så får vi sjå på kva som har skjedd med den litt større brua som er flytta på, seier Jo-Andre. Han legg til at han så langt ikkje har sett skadane med eigne auge, berre fått tilsendt ein del bilde.

– Har de forsikring mot slike skadar, eller handlar det her om eigenforsikring?

– Dette kostar ikkje all verda. Grus har vi liggande og den skal vi snart køyre på. Så får vi ta brua med ein dugnadskveld. Nei, dette er ingen stor sak. Slikt kan lett skje, særleg no første året før kantane har grodd til og sett seg med gras.

– Er de ferdige med 600 meter ny sti opp mot Nesskaret?

– Ja, den er ferdig, men her skal vi og bygge nokre få bruer. Denne vil ikkje bli grusa, seier Jo-Andre Herje.

Slik har vatnet vaska vekk grusen på stien på fire fem plassar. Foto: Cathrine Willa Slemmen