Kjeglene står framleis i vegkanten på Fv 64 i Hamreura mellom Gjerdsetbygda og Lerheim. Dei har stått sidan i vår då det vart oppdaga at delar av vegbana var i ferd med å skli ut. Det vart gjort geotekniske undersøkingar på staden og utbetring har vist seg å vere ein omfattande prosess.

– Vi har tatt dette opp med fylkeskommunen og er no i gang med å sjå på korleis dette kan teknisk gjennomførast og kva kostnader vi her vil snakke om, seier Ole Jan Tønnesen.

Han legg til at det er fylkeskommunen som her har siste ordet og som må finne pengane.

– Vi har sagt at tiltaket bør gjennomførast så fort som mogleg. Vi vil gjerne at det skal bli gjort allereie i haust, seier Tønnesen, men han legg og til at dette er eit prosjekt som krev mykje planlegging og har fleire sider ved seg. Mellom anna korleis trafikkavviklinga skal skje når arbeidet går føre seg.

– I det store biletet kan trafikk dirigerast om, men for mykje trafikk finst det ikkje omkøyring, seier Tønnesen.

– Kan det difor bli nattearbeid i dette tilfellet?

– Det er det stor sjanse for at det kan bli.

– Veit de no kva dette kjem til å koste?

– Vi må gjere ferdig prosjekteringsarbeidet vi no er i gang med før vi går ut å snakkar om ein pris.

– Og arbeidet skal skje i haust?

– Vi ønsker å gjennomføre arbeidet i løpet av hausten, men det er, som sagt fylkeskommunen som bestemmer nå dette kan bli gjort.