Fylkesmannen: - Husk ferdselsreglane på veg til badestranda

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og politiet minner om gjeldande ferdselsreglar.
Nyheter

Fleire plassar trakkar badegjestar og solhungrige rett over sårbar innmark i søket etter ei bra badestrand i sommarvarmen. Det er det ifølge Fylkesmannen ikkje høve til. I ei pressemelding skriv Fylkesmannen at reglar for allemannsretten ikkje kan tolkast som fri ferdsel overalt i naturen:

"Utmark som skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær kan brukast ganske fritt. På innmark er det fleire restriksjonar, og tilgangen er sterkt avgrensa. Med lite avling fleire stadar er det no viktig å la innmarka få stå så urørt som mogleg. Alle kan ferdes til fots på privat vei og tydelig anlagt sti, som ligger i innmark på vei til stranda, men det er ikkje tilgang til innmarka mellom 30. april og 14. oktober. Avgrensingane og restriksjonane for innmark gjelder for all dyrka jord som eng og åker, men også kulturbeite og skogplantefelt fram til plantene er 6 -8 meter høye. Innmark omfattar også fleire andre type areal,  noko som inneberer at du heller ikkje utan vidare kan gå over til dømes hustomter, hyttetomter, hagar eller parkar, eller inngjerda areal."

Friluftslova gir altså både allemannsrett og  allemannsplikt. Ifølge Fylkesmannen er pliktene og avgrensingane der for at vi ikkje skal skade naturen eller naturgrunnlaget. Det minnes også om at biler ikkje må parkerast slik at driftsvegar vert blokkert, av omsyn til både grunneigar og naudetatar.Og dei oppfordrer alle til å rydde opp etter seg.