Endre Engen var i heile 14 år ansvarleg for den årlege seterdagen på Bøstølen i Innfjorden. I dag er han ikkje med, men vi har invitert denne karen, med 14-års erfaring, til å summere om mange av desse åra der det på mange vis har vore innfjordingane si oppgåve å sette punktum for festivalen med den årlege seterdagen.

– Ja, det har nok vore det meste besøkte arrangementet i mange år, sett bort frå nokre konsertar, seier Endre når vi har funne oss godt til rette midt mellom vakre seterhus på stølen Svartrøsta. Det var her seterdagen starta før det heile vart flytta til setergrenda Bøstølen i 2011. Då hadde Vamp konsert og 1.500 personar fann vegen til fjellet.

– Ofte har besøket ligge mellom 800 og 1.200 og mange kjem att år etter år. Vaksne og barn, eit familiearrangement, seier Endre og legge ikkje skjul på at det å vere arrangør for denne dagen, har vore stort for bygda Innfjorden. Endre meiner det har gitt tydeleg effekt for samhald og identitet i bygda og at innfjordingar har fått ei tydeleg tilhøyrsle til festivalen.

– Økonomisk har det ikkje betydd så mykje. Men pengane vi har fått inn skal gå til å utvikle fjellet for å gjere det endå meir attraktivt for folk som kjem på besøk. Lag og frivillige i bygda har rydda, laga stiar, bygd gruer og laga gapahukar, seier Endre før han legg til det vil bli bygda ein gapahuk denne sommaren og.

– Har folk oppdaga innfjordsfjellet gjennom å ha vore på seterdag på Bøstølen?

– Ja, og her har det vore fleire turmål. Ja, det kan sjå ut som om mange opplever fjellet her som eit fint turområde.

– Kva har vore ambisjonen eller visjonen med denne seterdagen på Bøstølen og Svartrøsta?

– Å formidle den tradisjonsrike seterkulturen. Eg er sjølv så gammal at eg har vore med foreldra mine på setra og budd nesten heile sommaren på setra. Denne kulturen blir no borte og mange kjenner ikkje til desse tradisjonane lenger, seier Endre og listar opp grautkoking på open grue, baking på takke utandørs og ikkje minst dyra på setra som folk kunne bli nærare kjent med.

– Det er verdfullt å formidle delar av denne historia og denne kulturen, meiner Endre og presiserer at svært mange i bygda har vore med på det store arbeidet som har vore gjort i mange år. Før var det organisasjonar som grunneigarlag, bygdekvinnelag og bondelag som stod bak. No er det etablert ei eiga gruppe for dette arbeidet.

Gode minne

Endre Engen legg ikkje skjul på at det er mange gode og sterke minne knytt til arrangementa som har vore på stølen gjennom åra. Store og kjente kulturpersonar har og vore på besøk og Endre let blikk stanse på trappa til ei av dei gamle seterbuene. Her har dei stått store kulturpersonar som Edvard Hoem, Aasmund Nordstoga, Henning Sommerro, Geirr Lystrup, Steinar Ofsdal, Rauma spelemannslag og vokalgruppa Røyst. På den store scena på Bøstølen har Vamp vore dei største, men Helene Bøksle og Vassendgutane har også vore kjente namn der.

– Er seterdagen framleis like populær?

– Besøket har nok gått litt ned. Det kan det sikkert vere mange grunnar til. Ein grunn er at festivalen har fleire arrangement den dagen. Før hadde vi meir eller mindre monopol på avslutningsdagen. Men mitt inntrykk er at det framleis er ei positiv haldning til denne seterdagen både blant folket i bygda og blant folk som kjem på besøk. Eg kjenner i heile kroppen at det har vore store augneblink her. Minne som sit fast og aldri blir borte. Det var utruleg stort då Vamp var her, seier Endre og kallar det ei svært kjenslerik oppleving.

I år skal dei snu på flisa på Bøstølen. Seterdagen blir ikkje avslutningsdagen, men tvert om opningsarrangementet. Ingen ringare enn Odd Nordstoga blir det store trekkplasteret. Han har vore på festivalen to gonger før, men aldri på Bøstølen.

Artistar: Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad er to av svært mange artistar som har gjesta innfjordsfjellet opp gjennom åra. Foto: Stein Siem
Scene: Vokalgruppa Røyst har og vore artistar på den svært spesielle scena på stølen Svartrøsta. Foto: Evy Kavli