Møre og Romsdal starta i fjor eit prosjekt for å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Resultatet etter det første året med prosjektet er derimot at det vart 50 færre statlege arbeidsplassar.

Dette skuldast reduksjonar i helseforetaket. Helseføretaket reduserte talet på arbeidsplassar med 193 i fjor. Det er Oddbjørn Vassli som er prosjektleiar for prosjektet.

– Det er grunn til uro for at den økonomiske situasjonen til føretaket kan krevje ytterlegare reduksjonar framover, skriver fylkeskommmunen i ei pressemelding.

Positivt er det at regjeringa 70 nye statlege arbeidsplassar til Kristiansund, at Statens lånekasse sitt Ørstakontor skal vidareførast, og at HELFO sitt Ørstakontor skal vere ein del av HELFO sin framtidige kontorstruktur.