Ei heving av ferjetakstane frå 2020 vil kome på toppen av prisauken som allereie er vedtatt for fylkeskommunale ferjer i 2018 og 2019.

Auka kostnader med nye ferjeanbod og nye ferjer er grunnen til forslaget og det er Sunnmørsposten som skriv om dette. To takstsoner utgjer rundt 15 kroner for personbil og fire kroner for vaksenbillett.

Det er også foreslått å redusere prisrabatten for dei som nyttar verdikort, frå 50 til 45 prosent. Dette ønskjer fylkesutvalet ikkje. Ei endring av rabattsatsen i tillegg til prisauke på to soner vil få svært store negative konsekvensar for næringslivet, pendlarar og befolkninga elles, meiner politikarane.

Saka skal opp i fylkestinget 18. juni til endeleg vedtak, skriv Sunnmørsposten.

Atle Ræstad i Møre og Romsdal fylkeskommune seier til Åndalsnes Avis at dette forslaget ikkje vil få følgjer for sambandet Åfarnes- Sølsnes der det allereie er innført ei auke i takstane tilsvarnade to soner. Det vedtaket står seg ut anbodsperioden som er til 1. januar 2020. Men eit eventuelt vedtak om takstauke vil gjelde sambanda i fylket som ikkje tidlegare har fått takstauke likt det som er innført for Åfarnes- Sølsnes.