Fekk utmerking etter 40 år i bransjen: – Dette var stort for meg

Jorid Dahle starta Dahle møbelagentur, saman med mannen Audun, i 1967.

Jorid Dahle blir her tildelt gullnåla av Møbelagentenes landsforbund. Til venstre Kåre Hunnes og til høgre Sindre Vedvik.  Foto: Sveinung Walset

Nyheter

– Det var stort, ikkje minst fordi det kom heilt uventa på meg, seier Jorid Dahle som sist helg fekk vakre ord, blomar og ikkje minst ei høgthengande nål for sin innsats i møbelbransjen gjennom 40 år.

Jorid fortel at ho i 15 år har vore i styret i Møbelagentenes landsforbund både lokalt og nasjonalt og at det var den lange innsatsen ho no er heidra for.

– Ja, no er det slutt for min del, eg er pensjonist. Kanskje vil eg jobbe litt om helsa tillèt meg å gjere det, seier Jorid som opplevde det å bli heidra som ei svært stor oppleving. Ho fortel at ho vart sett heilt fordi det heil var så uventa. Overrekkinga skjedde under landsmøtet som vart halde i Ulsteinvik sist helg.

– Det heile vart og svært emosjonelt for meg og vekte sterke minne om mannen min som gjekk bort for mange år sidan, fortel Jorid.

Kåre Hunnes er sekretær i styret i landsforbundet og hav var med på overrekkinga i Ulsteinvik. Han fortel at dette er ei utmerking som heng svært høgt i forbundet. Jorid Dahle er den første kvinna som nokon gong har fått gullnåla og det er så langt berre ti personar som har fått gullnåla sidan nåla vart innført på 1970-talet.

– Jorid har alltid vore eit ja-menneske og ho har stått på i bransjen i mange år. Ho var leiar i landsforbundet i perioden 2012- 2016 og ho har stått bak ei stor møbelmesse i Lethohallen gjennom mange år. Ho har og vore svært aktiv i lokalforeininga her i Møre og Romsdal, seier Kåre Hunnes. Han understrekar at det ikkje er han personleg som vel ut kven som skal bli tildelt gullnåla. Det er det ein eigen komité som gjer.