– Ja, no begynner ho å bli stor, seier Vidar Skiri som meir enn dei fleste sit på årevis med erfaringskunnskap om vatnet i Rauma. Han fortel at tidleg fredag morgon passerte 364 kubikkmeter vatn i sekundet målestasjonen på Horgheim. Og det betyr at elva er i flaum.

Skiri tek oss med attende til 2008 då det var 400 kubikkmeter på same målestasjonen og minner oss og om at flaumen i leva var svært høg i 2011.

– Men flaumen i år er svært tidleg. Vanlegvis kjem ikkje flaumen i Rauma før rundt 1. juli. Det skuldast at vi har mykje høgfjell der smeltinga set inn først når sommaren er her, seier Skiri og viser til at det er store snøområde på over 1200 meter.

1958

Vidar Skiri viser til at den største flaumen vi veit om i moderne tid var i 1958, men at vatnet var nesten like høgt i 1968 då vegen gjennom dalen stod under vatn mange stadar og dalen var stengt i fleire dagar. Også Raumabana var stengt den gongen, men det var på grunn av ei stikkrenne som hadde gått tett.

Skiri minner og om at begge desse flaumane i 1968 også var i juli.

– Men den største flaumen vi veit om var i 1923. Då var det så mykje vatn at dei stoppa anleggsarbeidet på Foss bru fordi dei frykta at heile fundamentet for brua skulle svikte, fortel Skiri.

Lite skadar

Vidar Skiri gjer oss merksam på at det gjerne blir lite skadar etter ein flaum i Rauma. Det er fordi det handlar om ei elv det ikkje er tukla med og at naturen difor absorberer vatnet betre enn i mange andre vassdrag der det er gjort store menneskelege inngrep.

– Noko grasmark blir gjerne ståande under vatn i nokre dagar, men det blir for lite å rekne. Her skjer det ingen store skader mindre med mindre det går store jordskred til dømes, seier Skiri.

– Kva trur du no vil skje med flaumen framover?

– No vil nok vatnet gå tilbake. Med mindre det på nytt blir varmt i fleire dagar. Det er ikkje nok med ein dag eller to, men fleire dagar i strekk.

– Er det varme eller regn som skaper flaumane for det meste?

– Det er varmen. Men varme kombinert med mykje regn kan sjølvsagt gje ekstra mykje vatn, seier Vidar Skiri.

Han minner til slutt at vi i dag normalt ikkje vil få stengt veg gjennom Romsdalen på grunn av flaum i elva. Vegen er i dag bygd opp på dei mest utsette plassane.

Osen: Rauma liknar mest på ein flod den siste biten ned mot fjorden. Bildet er tatt frå Grøttør bru.
Eng: Fleire plassar nedover dalen står stor område og mykje grasmark under vatn. Her frå Horgheim.
Dusj: På Rødstøl er vassføringa så stor i Rauåa og bilane får vaska seg.