- Bokbåten kan vanskeleg vidareførast slik vi kjenner den i dag

- Vi trur at ei omprioritering vil føre til at vi får ei meir moderne og nyskapande litteraturformidling i heile fylket, seier fylkeskultursjefen.

Bokbåten Epos kan bli lagt ned.   Foto: Privat

Nyheter

–Nye krav til fylkeskommunen si rolle i biblioteksektoren, og auka krav om tilrettelegging, gjer at bokbåten vanskeleg kan vidareførast slik vi kjenner den i dag, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.

Onsdag 16. mai skal kultur- og folkehelseutvalet ta stilling til om ordninga med bokbåt i Møre og Romsdal skal vidareførast. Kontrakten med dagens leverandør går ut 31. august 2018.

I innstillinga har fylkesrådmannen tilrådd å ikkje vidareføre ordninga. Dette kjem på bakgrunn av ei lang og grundig utgreiing av kostnadar og nytte av den eksisterande ordninga. Målet er å sikre det best moglege litteraturformidlingstilbodet i fylket, og då er konklusjonen at ressursane som går med til bokbåten vil ha større effekt om dei blir omdisponert.


Gir ut barnebok om miljøvern

- Jeg synes det er viktig at også barnebøker kan handle om viktige tema, sier Berit Rødstøl som nå gir ut bok sammen med ektemannen.


Svak nedgang

– Dette kjem som resultat av både langsiktige regionale bibliotekplanar og sentrale føringar. Fylkesbiblioteket, som i dag driftar bokbåten, har fått ei tydelegare rolle som utviklingsaktør i biblioteklova og bør etter vår meining ikkje drive eigen bibliotekverksemd. Vi er ikkje lenger pålagt å drive fjernlån eller å kjøpe inn litteratur, men gjer langt større nytte som eit nav som støttar folkebiblioteka i å drive sine tenester. Til dømes kan vi arrangere debatt- og forfattarturnear i kommunar som ikkje har ressursar til å gjere det sjølve, seier fylkeskultursjefen.

Utgreiinga som ligg bak forslaget viser mellom anna at besøket på bokbåten har vore stabilt dei seinare åra, med ein svak nedgang.

Det same gjeld for utlånstala.  Mange av dei besøkande søkjer kulturtilbodet om bord, noko vi allereie tilbyr gjennom Den kulturelle skulesekken og Kultursekk i barnehage.

Ulike alternativ

Fleire alternative løysingar, inkludert ei vidareføring og styrking av bokbåttilbodet, har vore diskutert. Kostnadane til kjøp eller leige av eit nytt fartøy er så store at dette ikkje er mogleg innanfor dagens rammer.

I staden ønsker fylkesrådmannen no å legge fram ei sak om korleis bok- og litteraturformidlinga kan vidareutviklast og styrkast innanfor dagens rammer.Målet er å nå ut til større aldersgrupper med sentralt tilrettelagte opplegg for debattar, scenekunst basert på litterære verk, konsertar, forfattarmøte, bokbad og anna som har vore etterlyst i biblioteka.

–Vi veit at det er sterke kjensler knytt til bokbåten, og at eit slikt forslag kan verke som eit tap for dei kommunane som no mister eit tilbod. Samstundes trur vi at ei omprioritering vil føre til at vi får ei meir moderne og nyskapande litteraturformidling i heile fylket, og at alle i sum sit igjen med eit betre bibliotektilbod enn dei gjer i dag, seier Wedlog Olsen.