Fleire gonger dei siste åra har bebuarane under Veslemannen blitt evakuert frå heimene sine.

Nå vil Jenny Klinge at regjeringa skal sjå at saka er viktig og at det hastar. Ho fortel i ei pressemelding at ho kjem til å stille statsråden eit skrifteleg spørsmål straks det blir mogeleg igjen, og ho vil spørje han om han er einig i at noko må gjerast.

Gunn Walstad og Jørgen Sogge er gårdbrukarar under Mannen, og har tidligere sagt til Åndalsnes Avis at dei frykter for heim og gardsdrift.

- Situasjonen er uhaldbar for gardbrukarane. At gardeigarane sjølve sit igjen med rekninga når myndigheitene evakuerer dei frå gard og grunn, er ikkje haldbart. I andre situasjonar der folk må evakuerast, til dømes grunna flaum, stiller det offentlege opp og dekkjer hotellovernatting, samt andre kostnadar knytt til evakueringa. Då meiner eg storsamfunnet må bidra også her. Det må vera veldig slitsamt å leva med denne trusselen om ras og ikkje å vita når det faktisk skjer. Lovverket slik det er utforma i dag bidreg til ei unødvendig ekstrabelastning, og eg meiner dette derfor må endrast, seier Senterpartiets stortingsrepresentant, Jenny Klinge.

- Eg meiner det offentlege burde stille opp med midlar til permanent flytting av garden. Vi har ingen gardar å miste verken i fylket eller i landet for øvrig, seier Klinge.

Ho har brukt sommeren på å sette seg inn i saka:

- Dette handlar om å finne ei praktisk og fornuftig løysing på ein vanskeleg situasjon, til det beste både for enkeltmenneska som er involverte, for gardsdrifta sin del og for lokalsamfunnet. Denne problematikken gjeld for svært få stader totalt i landet, og dei familiane det gjeld bør få hjelp til å handtere dei problema som naturkreftene forårsaker, ikkje berre etter at noko faktisk har skjedd, men også når det er rekna som sannsynleg at noko vil skje.