Eg synes det er ein god følelse, og eg likar å høyre og sjå at folk reagerer på korleis Rauma blir styrt. Det er iallefall ikkje merkeleg. Sjølv blir eg provosert av dette systemet. Er eg som politikar sett fullstendig på sidelinja? Er det rådmannen og hans «store» stab, pluss ordføraren og hans følgarar, som skal styre og bestemme det meste i vår kommune?

Nei, slik skal det ikkje være. No må vi sette ned foten og seie ifrå. Det har gått for langt med store vyer og store planer som skal gjennomførast så raskt at iallfall eg som politikar ikkje får tenke grundig igjennom og drøfte sakene.

Det blir holdt hemmelege møter, det blir snakka i gangane, det blir lagt planer som eg som politikar ikkje er informert om eller dei er så godt innpakka i store saksmengder, at dei blir oversett.

Som ordinær folkevalgt har eg 100 % jobb utanom politikken. Eg har ikkje muligheit til å jobbe fulltid med politiske spørsmål og det er vel heller ikkje forventa får eg håpe. Eg vil trekke fram ein del problemstillingar: Kvifor er Venstres Arne Steffen Lillehagen (representant for det minste partiet i Rauma) invitert med i drøftingsmøte angåande helsehuset og kjøkkenproblematikken saman med Lars Wenaas, ordførar og varaordførar? Er det gjort eit vedtak om at Arne Steffen Lillehagen skal stille på møter som desse? Var det ikkje meir naturleg at ein representant frå opposisjonen var med i dette møtet? Har ordføraren i det heile anledning til håndplukke politikarar til ulike politiske møter? Er ordføraren klar over at han (med all respekt) er ordførar for alle i Rauma?

Så til dei spørsmåla som eg meiner blir aller viktigast no fram mot kommunestyremøte den 15.desember - Budsjett og økonomiplan.

Kva er førsteprioritet i ein kommune? Etter mi meining er gode og likeverdige tenester innan helse, oppvekst,skule og velferd generelt det som skal ligg i botnen. Desse prioriteringane utelukkar sjølvsagt ikkje satsing på god infrastruktur, kultur, næring osv.

Vi har gode tenester innan ulike sektorar i Rauma. Dei kan alltid bli betre og det vil alltid være noko som ikkje er optimalt. Vi må jobbe kontinuerlig med forbetringar, omlegging og effektivisering, men må alt skje på fire-fem år? Eg ser budsjetta sprekk, det går litt over stokk og stein. Ting blir ikkje godt nok planlagt og oppfølginga er ikkje god nok i forhold til dei store omorganiseringane som skjer. Eit gammalt og godt uttrykk kan brukast i denne samanheng «hastverk er lastverk».

Så til skulestrukturen som står for endring, dvs det er vel mange år sidan skulestrukturendringane kom på dagsorden, men no er det alvor, igjen. Nordsida sin flotte skule blir freda til 2017 ifølge budsjettforslaget for 2016, men skal folket på nordsida av kommunen leve i uvisse? Skal dei ha nedleggelse av ungdomsskulen hengande over seg kvart år eller skal vi planlegge for framtida, i det minste fire år i gongen uavhengig av budsjettsprekk i andre sektorar? Eller er dette kanskje sett opp som skremmeskot og ei «trøst» for sørsida?

Innfjorden sine folk og med ordførar i spissen tok grep og satsa på privatskule. Like etter vart det vedteke fritt skulevalg i Rauma. Var det så lurt? Etter mi meining var det ikkje det om ein tenker tradisjon, kultur, heilhet og framtid. For kva vil no skje med Vågstranda og Måndalen oppvekstsenter? Vil skulestrukturen på sørsida i kommunen bli heilt rasert? Om Vågstranda også startar privatskule risikerer vi at Måndalen oppvekstsenter blir lagt ned. Ja, eg er pessimist, men også realist. Folketalet vil ikkje auke så kraftig og så raskt at vi kan fortsette med same struktur som tidlegare. Noko må gjerast, vi må tenke framtid, samhold, samarbeid og heilheit. Vi må ikkje tenke eit eller to år, men både 10, 15 og 20 år fram i tid og så må vi bruke god tid på å drøfte og lytte til alle innspel.

Med dei beste ønsker for framtida.

Måndalen, 27.11.2015

Janne Søvik, Kommunestyrerepresentant