Rauma SV sine 7 politiske bod om kommunereforma.

1. SV vil styrke nærdemokratiet ved å gjere fleire politisk aktive. Vi ønskjer større nærleik mellom politikarane og veljarane, og vi vil ha politikarar som også arbeider med noko anna en politikk. Dette kan vi berre få til dersom Rauma held fram som eigen kommune. Dei to andre alternativa i kommunereforma fører oss i motsett lei. Verst er storkommunen Molde.

2. SV meiner lokale arbeidsplassar er avgjerande for busetnad og trivsel her inne i fjorden. Blir vi ein del av Molde, vil dei fleste arbeidsplassane i rådhuset vårt ryke, og vi kan ikkje sjå at 30 millionar årleg i auka arbeidsgjevaravgift skal vere noko pluss for det private næringslivet i Rauma. At folketalet i ”Gamle-Rauma” vil auke om vi blir ein del av Molde kommune, må det mykje fantasi til for å tru på. Fullt så utopiske er ikkje Rauma SV.

3. Vi har i 52 år prøvd å skape Rauma kommune av 5 småkommunar, og vi har nesten greidd det. Betre enn nesten alle andre kommunar i landet har vi makta å skape ein Rauma-identitet og stor allmenn oppslutning om visjonen vår. Dette er ikkje tidspunktet for å avslutte denne mentale dugnaden.

4. Dersom kommunestyret den 16. juni vedtek at Rauma skal bli ein del av Molde kommune, skal det nedsettast ei fellesnemd for å arbeide med å konkretisere korleis den nye kommunen skal bli fram mot 2020. Med to høgreordførarar, som har full kontroll med ei lojalt fleirtal, ligg det godt til rette for endå meir høgrepolitikk. Det vil seie meir sentralisering og privatisering. Det er absolutt ikkje det vi treng no.

5. Rauma er ikkje ei lita kommune, vi ligg i øvste del av mellomsjiktet. Mange kommunar i landet er nok for små til å stå åleine, det må eg medgje, og fleire av desse vil skape nye, litt større kommunar. Men det vil garantert vere mange kommunar som likevel bli avgjort mindre enn Rauma ( sjølv om vi står åleine ) den 01.01.2020.

6. Vi har ikkje registrert at folk flest i bygder og byar har fremja krav om at kommunane dei bur i må bli større. Vi har heller ikkje oppfatta at kommunetilsette tydeleg har klaga på at kommunen dei arbeider i er altfor liten. Kommunereforma er ikkje eit folkekrav, men tradisjonell høgrepolitikk.

7. Ut ifrå dei tre alternativa som vi har ved folkerøystinga 25. april, vil Rauma SV rå folk til å velje Rauma som eigen kommune. Dersom dette får eit klårt fleirtal, er nok saka grei, uansett kva dei andre kommunane gjer. Om det ikkje går så godt, og dei to andre alternativa blir vesentleg endra, har vi ein heilt ny situasjon. Den blir ikkje like grei. Per Arne Skomsø, Rauma SV