Så gjekk det slik eg håpa på,

Rauma skal ikkje saman med Molde gå.

Det er nok at vi over fjorden- Scandic Seilet kan sjå,

der det stend med sine glassfasader på skrå.

Kommunalminister Sanner gjekk på ein smell,

då han skulle flytte mektige Raumafjell.

Av all sentralisering er vi luta lei,

vi vil ikkje være Moldefolk med hatten på snei.

Her er det både karrig og stupande bratt,

men vi har noko som andre gjerne skulle hatt.

Romsdalshorn og Trollstigen høyrer Rauma til,

men alle kan komme for å sjå om dei vil.

Men dei må nok betale ein femtilapp eller to,

sjølv om dei berre skal ein liten tur på do.

For pengane til kommunen tek snart slutt,

men kanskje får vi hjelp av ein raus Måndalsgutt.

Torbjørn Bruaset