Statens vegvesen har fått spørsmål om nytta av anleggs- og vedlikehaldsarbeidet som skal startast opp i 2016 og fullførast i 2018, og om prioriteringa av midlane og kostnad.

Når det gjeld dei strekningane som ikkje har blitt prioriterte til no so viser vi til den pågåande prosessen med Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018-2029. Transportetatane la 29.februar fram eit grunnlagsdokument, basert på politiske føringar for vektlegging av ulike kriterier. Dette er no sendt ut på høyring med frist 1.juli 2016.

«Gjenståande» strekningar i Romsdalen (Marstein-Flatmark og Raudstøl-Stuguflåten) og andre punkt med relativt låg standard som Veblungsnes, Måna bru og Hjelviktunnelen blir nok ein del av NTP-prosessen. NTP blir vedtatt i juni 2017, mens eventuell anleggstart for dei einskilde strekningane er avhengig av prioritering i dei årlege statsbudsjetta.

Veganlegga som var omtalt i Romsdals Budstikke 2. april er alle «sikre», ved at det er gitt løyving i 2016. For desse anlegga skal vi her gi ein meir utfyllande informasjon.

Trafikksikrings- og miljøtiltak langs tidlegare E136/ny fylkesveg 163 vest for Tresfjorden

Dette arbeidet er ein del av det delvis bompengefinansierte prosjektet Tresfjordbrua/Vågstrandstunnelen, med 50 % statleg løyving og 50% bompengar. Bompengane vil kome frå bomstasjonane ved Tresfjorden (Vikebukt, Skorgen og Skjegstad) slik at det ikkje blir kryssubsidiering mellom Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen.

Det er sett av ei ramme på om lag 27 mill. 2016-kr til tiltaka, og sidan det allereie er brukt om lag 12 mill. til gangveg mellom Krogset og Helset så gjenstår 15 mill. til ulike tiltak vest for Tresfjorden.

Det er av fleire blitt stilt spørsmål ved nytten av desse tiltaka sidan Tresfjordbrua har tatt over mykje av trafikken. Trafikkteljing etter opning av brua viser som venta at mellom 1700 og 1800 bilar bruker brua, og at om lag 1000 bilar bruker fylkesvegstrekninga frå Kyrkjesylte inst i Tresfjorden til den møter E39/136 ved Brastadkrysset. Trafikken langs fylkesvegen, som har busetting langs heile strekninga og er skuleveg for mange, har dermed større trafikk enn mange fylkesvegar rundt om i fylket som alt har f.eks. gangveg langs bilvegen. Løyvinga til gangvegane, veglysa og busslommene vil vere til stor nytte for dei som bur vest for Tresfjorden.

Tiltak på Fv 163 og E39/136 utanom bompengeprosjektet vest for Tresfjorden

I samleentreprisen som vi nyleg fekk inn tilbod på, og som får anleggsstart i mai, er det ulike tiltak som skal gjennomførast som ein konsekvens av Tresfjordbrua. Løyvinga er 100% statleg og om lag 40 mill.kr.

Kjelbotnkrysset der E136 før møtte E39 vart provisorisk stengt same dag som brua opna. Dette krysset skal no stengast med permanente løysingar, og trafikken frå Tresfjorden vil møte E39/136 ved Brastadkrysset.

Dette medfører at Skorgeneskrysset må byggjast om for å få gjennomgåande veg langs fylkesvegen og avkjøring mot kommunal veg opp mot Heggelia og til industri- og forretningsområdet på Skorgenes (vegen under brua). Krysset vil bli meir trafikksikkert og tilrettelagt for alle trafikantgrupper.

Ved Brastadkrysset vil det bli bygd eit kollektivknutepunkt med parkeringsplassar, busslommer og undergang for sikker kryssing av E39/136. Dette vil gje eit godt tilbod til tresfjordingane om å parkere bil eller sykkel og ta bussen mot Helland/Molde/Åndalsnes og Ålesund.

På Kristisetra skal det byggast samlevegar og busslommer som vil gje færre avkjørslar mot europavegen og dermed lågare risiko for ulykker. Tiltaka langs europavegen vil gje grunnlag for ei ny vurdering av 70 km/t-fartsgrensa mellom Kristisetra og Brastad.

Utbetring av E136 Innfjord- og Måndalstunnelen

Tunneltryggingsforskrifta og EU/EØS-direktiv stiller strenge tryggingskrav til tunnelar over 500 m. For dei om lag 25 år gamle tunnelane (opna i 1991 og 1993) medfører dette trong for stor utskifting av tryggingsutstyr. Saman med vurdering mot fleire elektroforskrifter, levetid på installasjonane og teknologisk utvikling har Vegvesenet kome til at alt av tryggings- og elektrotekniske installasjonar bør skiftast ut. Når vi først skal i gang med omfattande arbeid er det og naturleg at normalvedlikehaldsutskifting også blir utført. Dette vil gjelde utskifting av platehvelv og bergsikring. Isolerte platehvelv viser seg å ikkje ha god nok brannsikring og vil bli skifta ut med brannsikra (betongdekte) polyetylenskumplater likt det som er i m.a. Vågstrandstunnelen.

Kostnaden med dette arbeidet vil bli høg samanlikna med nyanlegg sidan vi ikkje kan stenge Innfjordtunnelen heilt. Av omsyn til samfunnet må arbeidet utførast på kveld og natt, og samtidig tillate eit minimum av kolonnekjøring som vil gje urasjonelt arbeid. Vi har vurdert alternativet med heilstenging og ferje mellom Åndalsnes og Innfjorden for å kunne «arbeide i fred» både dag og natt, men dette ville gje endå høgare kostnader og framleis store ulemper for trafikantane.

E136 Hjelviktunnelen

Denne tunnelen er ikkje over 500 m og er ikkje omfatta av Tunneltryggingsforskrifta. Det vil likevel bli utført vedlikehaldsarbeid som nødvendig utskifting av elektrotekniske installasjonar, m.a. kablar med jordfeil og armatur som er «utgått på dato». Vegvesenet vurderer også tiltak for styring av tungtrafikken, som eit risikoreduserande tiltak fram til strekninga er erstatta av ny veg/tunnel.

E136 Skredsikring av Dølsteinfonna og Fantebrauta i Romsdalen

Det blir gjort systematisk kartlegging og vurdering av skredfare på alle riks- og fylkesvegar. I Romsdalen er denne skredsikringa den største investeringa utanom det som blir planlagt for Mongeura (ny tunnel som del av strekninga Marstein-Flatmark). Målet er å hindre at «skredvind» bles bilar på elva som ligg rett ved vegen. Snøskreda kjem bratt ned frå fjellet ved Horgheim, og medfører også dårleg sikt pga. snøføyke. Ein høgare, lengre og betre utforma skredvoll enn eksisterande vil gje betre skredsikring mot Dølsteinfonna. For Fantebrauta er det valt å bygge ein 240 m lang betongtunnel gjennom ein lausmasserygg for å sikre mot fonna. Totalt skal det byggast 1,7 km ny europaveg med betre geometrisk standard enn dagens veg.

E136 Strekninga Vikebukt – Vågstranda

Det blir hevda at europavegen mellom Vikebukt og Vågstranda ikkje er tilgodesett med midlar i det heile. Det må då nemnast at dei to smale bruene i Hjelvika blei erstatta av to nye bruer, 500 m gangveg og nye kryss mot kommunal veg i november 2013. Kostnaden på om lag 45 mill.kr. vart dekt fullt ut med statleg løyving. Både for framkomst og tryggleik langs europavegen og for lokalmiljøet i Hjelvika var dette ei stor standardheving.

Halgeir Brudeseth, prosjektleiar i Statens vegvesen