Rauma kommune har investert mykje dei siste åra, i bygg og anlegg av ulikt slag. Og det er gjort vedtak om endå meir, og dei fleste i kommunestyret har stemt for det meste. Går kommunen bankerott på grunn av høge renteutgifter, må skulda fordelast på mange. Men eg tykkjer nok at somme ( Lars spesielt ) skal slutte å skryte av alt vi har fått til i denne perioden. Det har også kosta. Vi får i 2015 underskot i drifta det tredje året på rad !

For å sleppe å låne alle investeringane, har kommunen redusert driftsutgiftene, på papiret. ( Truleg var nokre av desse reduksjonane urealistiske.) Likevel har lånegjelda auka, og vil gjere det nokre år til. Er vi heldige vil lånerenta halde seg låg heilt til det meste av låna er nedbetalte (15 – 20 år), men det er nok i overkant optimistisk.

Ei anna uvisse er skatteinntektene. Går sysselsettinga ned (større arbeidsløyse), og den blå-blå regjeringa gjennomfører ytterlegare skattelette, er det ikkje vanskeleg å sjå at det kan bli magre tider for kommunekassa.

Når vi no kjem på ROBEK-lista, vil kommunen sin handlefridom bli mindre. Eg er ikkje trygg på at rådmannen har rett når han seier at alle vedtekne investeringar vil gå som normalt. Om fylkesmannen gir oss lov til det.

Eg likar ikkje å vere pessimistisk, men no er det tid for økonomisk måtehald, om ikkje totalt edruskap! I dei nødvendige innstrammingane som må komme alt i neste budsjett, vil SV forsøke å skjerme dei svakaste. Og skulle det bli betre økonomiske tider enn frykta, og kommunen får nokre ekstra kroner i kassa, må desse kronene brukast til å betre tenestene innan omsorg, skule og barnehage.

No er det ikkje tid for luftige lovnadar. No er det tid for å gje innhald til dei tun og bygningar vi har reist og reiser.

Per Arne Skomsø

2. kandidat ved valet 2015