Tilbodet frå staten i årets jordbruksoppgjer er pinleg dårleg på svært mange måtar, så også når det gjeld skogbruket. Både Senterpartiet og regjeringa har eit uttalt mål om auka aktivitet i skogen og auka hogst, men i motsetnad til Senterpartiet, vil ikkje regjeringa ta grep for å oppnå dette. Skogeigarane gjer investeringar som gagnar storsamfunnet, og staten må derfor ha ordningar som stimulerer til framtidsretta skogbruk.

Tilbodet frå staten er ei vidareføring frå fjorårets nivå i dei såkalte miljømidlane over Landbrukets utviklingsfond. Dette inneber reelt sett ein nedgang i tilskotsnivået, og er noko heilt anna enn ei stimulering til auka avvirking. For Møre og Romsdal sin del er dette viktig, for her har vi eit skogbruk med potensial til mykje større aktivitet framover.

Eg vil minne om kva som skjedde då Lars Sponheim frå Venstre fjerna plantetilskotet då han var landbruksminister i 2003. Ikkje berre nyplantinga sokk betydeleg, men også hogsten. No treng vi ei regjering og eit stortingsfleirtal som forstår at ting heng saman, i høgste grad også i jord- og skogbruket.

Jenny Klinge, Stortingsrepresentant, Senterpartiet