På infomøtet om helsehuset spurte underskrevne entreprenøren Hent sin representant om dei har ein politikk og strategi mot sosial dumping på sine byggeprosjekt. Svaret eg fekk var betryggande, heldigvis. Vi i Rauma SV vil gjere det vi kan for å belyse og om nødvendig avsløre sosial dumping i Rauma kommune.

Sosial dumping er enkelt og greitt ein uting som undergrev den norske modellen, eller som riv sund samfunnsveven vår slik vi kjenner den. Det å vere arbeidstakar med gode rettigheter er i historisk perspektiv eit meget kort tidsrom. Vi skal ikkje langt tilbake i tid før arbeidstakarane måtte stå med lua i handa og ta til takke med det arbeidsgjevarane måtte finne på å unne dei på storsinna vis.

Sosialdumping skjer desverre både i offentleg og privat sektor. Tenker vi oss no Hent som eit døme, så kan dei faktisk sjøl bli «lurt» av ein underentreprenør som offisiellt betaler sine utanlandske ansatte tariffløn, i henhald til dei krava Hent sikkert stiller til sine underentreprenørar. Det som kan skje, og som Hent vanskeleg kan kontrollere, er at desse utanlandske arbeidstakarane i etterkant må betale tilbake deler av løna si til underentreprenøren! Dette er noko som har skjedd, desverre, og viser at mekanismane for å undergrave vår samfunnsvev er utan grenser, bokstaveleg tala!

I den private sektor, der eg i praksis har hatt midlertidig stilling sia eg starta (sjølstendig næringsdrivande), skjer desverre også sosial dumping. Som følge av EØS og Schengen er det ein fri flyt av t.d utanlandske handverkarar. Desse klarer på eit mystisk vis å bu i det for dei meget dyre landet Norge, og jobbe for prisar halvparten eller mindre enn halvparten av gjengs norsk prisnivå. Resultatet av dette kjenner vi, stadig fleire yrker i dette landet blir tatt over av lavt løna utlendingar. Det er jo eit mysterium kva alle norske menn og kvinner som før jobba som murar, målar,kelner etc etc faktisk har starta å jobbe med. Det er meget betenkeleg at vi er i ferd med å miste heile yrkesgrupper av innfødde fagfolk, og at det som erstatter desse er folk som om fem år kanskje har flytta heim att. Stemmer du på SV den 14de september, støtter du det partiet som er garantert mest mot sosialdumping! Godt val!

Hallgeir Gjerdset, leiar i Rauma SV.