Til Møre og Romsdal fylkeskommune v/fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Viser til vedlagte brev frå Samferdselsdepartementet i november 2015, som ber preg av hastverk, utan at sakshandsamarane har sett seg tilstrekkeleg inn i fakta. Dessutan til kartutsnitt på Vestnes kommune si heimeside, om reguleringsendring av plan 0049e1 frå off. bebyggelse til bustadformål, inntil hovudvegen gjennom Tresfjord sentrum.

Forslaget bør avvisast, mellom anna ut i frå grunngjevingar som fylgjer: Som kjent fungerar systemet i det vesentlege slik.

  • Alle på Sunnmøre med jamne passeringsbehov og i romsdalskommunane Vestnes/Rauma samt andre relevante knytt til Eksportvegen AS (dvs. bommane Våge - Vikebukt —Skjegstad - Skorgen), vil i praksis ha skaffa seg brikke til 200 kr. Truleg har dei fleste etter kvart nytta anledninga til rabattavtalar etter ulike prosentsatsar, opp mot forskotsordning administrert av Trøndelag Bomveiselskap AS.

  • Gjennom Skjegstadbommen på austsida kan ein med brikke køyra gratis tur/retur Tresfjord, sjølv utan forskotsbetaling med rabattavtale. Same regel for Skorgenbommen på vestsida.

  • Ved over ein times tidsforskjell ved passering av begge bommane (12 km frå kvarandre) - er det avgiftsfritt med brikke. n Over brua må alle betala etter fastsette takstar. Graderte rabattavtalar for dei med brikke og forskotsbetaling.

  • Same prinsippet for Vågstrandstunnelen som for brua. Ikkje alternativ omkøyring.

Hvis Samferdselsdepartementet med støtte frå M&R fylkeskommune og andre instansar, har til hensikt å gjera noko med den påståtte urettvisa knytt til Eksportvegen AS, so er det utvilsamt bygda 6387 Vågstranda på E 136 i høve til tunnelen Våge/Sauset, på vegen vidare austover til resten av kommunen på sørsida av Romsdalsfjorden og senteret Åndalsnes, som må få lokale lettelsar. Altso ikkje det som grupperingar krev for Fv 163 inne i bygda 6391 Tresfjord.

Det skurrar i resonnementet når departementet på underleg vis blandar «adgang til Tresfjord» saman med «et bomfritt alternativ for befolkningen i Vågstranda». All rimeleg fornuft tilseier at ved evt. endringar i det som no er situasjonen, må omsynet til dei som bur på Vågstranda og skal nytta aktivitetar i eigen kommune, ha soleklar rett på prioritet. Noko anna vil ikkje bli forstått. Ved å gå inn for å fjerna bommane på Skjegstad og i Skorgen, er det trailerane, dvs. først og fremst dei mange utanlandsregistrerte, som vil profitera. Ein kan slå fast at det ofte er vogntog som parkerar ein liten time mellom bommane, for å koma seg rundt fjorden utan å betala. Halvanna mil ekstra ser ikkje alltid ut til å bety so mykje for sjåførar på dårlege vilkår. Vegstandarden mellom Skorgen og Skjegstad — spesielt den smale Hoemstranda — treng ikkje kommenterast ut i frå vurdering om tryggleik. Tragediane er kjente. Tilstanden blir ikkje betre etter nedklassifisering til Fv 163, jfr. det årlege fylkeskommunale vedlikehaldsetterslepet på 130 mill, kr. Å setta på meir trafikk med fullt overlegg — med auka slitasje særleg frå tungtransport – må med respekt nesten kallast «halslaus gjerning».

Den «kritikken fra lokalbefolkningen rundt Tresfjorden» som departementet refererar til, kjem frå hald som ut i frå openberre eigeninteresser påberopar seg støtte mellom innbyggjarane. Dette har utilstrekkeleg feste i realitetane, og er i beste fall lettvint omgang med verkelegheita. Når departementet nyttar begrepet «rundt fjorden» som underbygging for forslaget sitt, so må det bero på manglande vilje til å undersøkja dei faktiske synspunkta. Fleirtalet av bebuarane på begge sidene av fjorden er nemleg av stikk motsett oppfatning, om enn ikkje inne i botnen eller langt frå vegen.

Det kjem i eit merkeleg lys hvis særmotiv skulle verte utslagsgjevande og medføra endringar i bestemmelsane, på ein slik måte at nedbetalingstida for prosjektet vert lenger enn det som gjennom grundig førehandsprosess har vore stilt i utsikt. At trafikantane som kryssar brua og ikkje minst må gjennom Vågstrandtunnelen, skal risikera å måtte forhalda seg til passeringsavgifter ut over det som var berekna, forårsaka av spesiell anledning til «unnaluring gjennom smutthol», var garantert ikkje meininga frå styresmaktene si side. Reversering gjennom same formelle prosedyre av ei evt. innført prøveordning, attende til aktivering av bommane på Skjegstad og i Skorgen, er det få som trur på, hvis dei først har vorte tekne ut av drift.

Det fylkeskommunale finansieringsansvaret uttalar eg meg ikkje om. «Mitt anliggende» er sikker ferdsel for dei på og ved vegen og det som kan lenkast til miljøaspektet. Eg har tillit til at M&R fylkeskommune tek synspunkta som er anført her med i det vidare arbeidet når det gjeld innstilling/vedtak angåande Samferdselsdepartementet sitt forslag. Med tanke på folket som bur og ferdast langs fjordsidene på strekninga av det som etter bruopninga 24.10.15 er del av fylkesvegsambandet 163 Brastad-Vikebukt, og ikkje minst det som heng saman med tunnelen på Europaveg 136 for bebuarane på Vågstranda sitt vedkomande, er det av vital betyding å få klårt fram kvar merksemda må konsentrerast.

Venleg helsing Jorulv Straume