Då eg for nesten eitt år sidan let meg nominere på vallista til Senterpartiet, tenkte eg at eg må skaffe meg litt meir kunnskap om korleis det står til med økonomien i kommunen. All informasjon eg hadde, kom gjennom lokalavisene og småting eg snappa opp i samtale mellom kvinner og menn. Kjennskapen min til Samfunnsplana, økonomiplan og årsbudsjett var svært begrensa, og er nok det framleis.

Men eg har no lest heile Samfunnsplana og for meg var den mest ei samling slagordprega mål som var forsøkt sett i eit visst system.

Den første grundige innføringa i kommunens økonomi fekk eg på nyåret då ordføraren, med stor kraft, fortalde om kor godt det stod til i Rauma. Vi hadde lågast lånegjeld i heile fylket og stor handlefridom. Ordføraren fortalde også at det ikkje var noko samanheng mellom inveseringsbudsjett og driftsbudsjett. Alle med litt erfaring frå handtering av pengar, veit noko anna.

Utpå våren var eg med på eit møte/show som kommunen skipa til på skulen i Måndalen. Mange saksfelt stod på saklista på dette møtet. Det var rådmannen som gav ei kort orientering omkringbudsjett/reknskap. Då kom det fram at det var litt svikt, men berre for bagatellar å rekne. 12 – 15 årsverk måtte bort, men dette skulle skje uten at nokon merka noko. Dette høyrdest også lite truverdig ut.

Neste gong kommuneøkonomien fekk stor merksemd i lokalavisa, var då kommunestyret behandla reknskapstala for første halvår. Tala no synte eit meirforbruk på 6 -7 mill., og situasjonen var langt meir alvorleg enn før. Men då var det at ordføraren nok ein gong kom oss til hjelp med denne utsegna:« Jeg, med min lange erfaring, vet at underskudd på denne tiden av året ikke er noe å bry seg om, de bruker å forsvinne av seg selv utover høsten». Dette vart sagt kort tid før valet 14. sept.

Men det gjekk berre få veker «utover høsten» så hadde berekna underskot stige til 15 - 16 mill.Og slik står det vel i dag. Men kva som blir det endeleg resultatet når klokkene ringer inn til nytt år,er det vel ingen som veit no.

Rauma sitt inntog på Robek-lista er i denne samanhengen lite å nevne, ja det er kanskje denne plasseringa som kan gje eit lite håp for å få retta opp økonomien.

Kven har så ansvaret for dette? Etter mitt syn er ansvaret todelt. Det formelle ansvaret har sjølvsagt kommunestyret og politikarane, men ein stor del av det reelle ansvaret kviler på administrasjonen og rådmannen. Har saksframlegg og ulike planar vore godt nok førebudd når vedtaka skulle gjerast? Har medarbeidarane til rådmannen hatt nok kunnskap og stor nok respekt for oppgavene dei tok på seg? Det er lite som tyder på det i dag. Desse og mange andre spørsmål er det heilt naturleg å stille, slik dette no er blitt. Og spørsmåla kjem til å bli stilt!

Torbjørn Bruaset