Senterpartiet er garantisten for at ingen vidaregåande skular vert lagt ned i den komande fireårsperioden. Mange andre parti, mellom anna Kristeleg Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstreparti snakkar og skriv varmt i programma sine at me framleis skal ha desentraliserte vidaregåande skular, men vil ikkje seie at dei ikkje vil leggje ned noko i perioden. I Høgre og Framstegspartiet sine program står det ingenting om ein desentralisert vidaregåande skulestruktur. Er det trygt å røyste på eit parti som seier dei vil ha desentraliserte skular, men som ikkje vil seie at ein vil behalde dei me har?

Møre og Romsdal er i ein utfordrande økonomisk situasjon og det vil ikkje verte lett å prioritere i den perioden som kjem. Veljarane skal vere klar over at Senterpartiet er garantisten for å halde alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal. Me ynskjer ein desentralisert skulestruktur, og me torer og seie at skule er viktig og at me vil prioritere alle skulane våre i dei neste fire åra. Skal de vere sikker på at de framleis har ein god vidaregåande skule i nærområdet ditt, så må de røyste Senterpartiet. Dei andre partia seier at dei ynskjer desentraliserte skular, men vil ikkje seie klart at dei vil prioritere dette. Senterpartiet foreslo i inneverande periode å lage utviklingsplanar for alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal slik at me kan gjere skulane våre enno betre rusta for framtida.

Me ser ein stor sentraliseringstendens i landet i dag, med mellom anna politireform og kommunereform. Ei sentralisering av vidaregåande skular i Møre og Romsdal vil føre til fleire elevar på hybel, meir fråvær og mindre tilhørsle i lokalsamfunna. Senterpartiet vil ha levande distrikt og små skilnader. Dette gjer me gjennom å prioritere det som er nær folk, og dei vidaregåande skulane me har i Møre og Romsdal i dag er nær folk og er difor viktig for oss.

Marit Nerås Krogsæter, 3.kandidat til fylkestinget for Senterpartiet