I avisa tirsdag 21 juli tok du eit oppgjør med SV og Halgeir Gjerdset. Og i vår hadde du eit innlegg av samme sort mot Magnhild Vik og Senterpartiet. Dette er i grunnen greitt for meg.

Men kanskje burde du heller skrive om Høgre og skinndemokratiet til partiet ditt. Om folket som blir invitert til møte, men så snart møtet er over så låser beslutningstakarane seg inn på møterommet og gjær sine vedtak før høyringsfristen er ute.

Og du bør skrive om alle forslaga og store prosjekta til Høgre som vart stoppa/avvist av kommunestyret og ordførar dei åra det var Senterpartiet som hadde ordføraren. I mine 6 år som ordførar hadde ikkje partiet ditt eitt einaste forslag som vart nedstemt eller avvist. Derfor er det lite ryddig å heile tida å påstå at alt er så mykje betre i dag. Det hadde kanskje vore lurt å synt litt større respekt overfor dei som ikkje er enig med deg i alt.

Og no når det er blitt kjent at Rauma er på full fart inn på Robek-lista, så hadde det kanskje vore på plass med ein kommentar til dette, og dei prioriteringar som er gjort den siste tida. Men eg forstår at du gjerne vil vente til etter valget med dette. Elles så er vel det som er kjent til no berre småpengar mot det som ryktes som resultat i 2015.

Den 23 april fekk eg voldsom kritikk av deg i ein timelang telefonsamtale. Der brukte du ord og uttrykk som nok ingen ordførar tidlegare har brukt i arbeidet sitt. Her var det lite «handshake for peace»!

Torbjørn Bruaset