I eit ope brev til NRK Møre og Romsdal her i avisa nyleg, lurer Egil Knarvik på om mengda av innslag om enkelthendingar kjem av at vi ønskjer å skremje publikum eller ikkje har andre nyheiter å sende. Knarvik viser til den tragiske hendinga i Rauma nyleg der ein ung mann døydde, og meiner dekninga til NRK Møre og Romsdal i denne og liknande saker har form av «drøvtygging».

Først av alt vil eg takke Knarvik for å følge dekninga vår tett og for engasjementet han viser! NRK har, som dei andre mediehusa lokalt, ei plikt til å informere om det som skjer i samfunnet og til å avdekkje kritikkverdige forhold. Heldigvis er det nokså sjeldan at regionen vår blir råka av tragiske nyheitshendingar der menneskeliv går tapt, når slike hendingar inntreff får dei også stor merksemd. NRK har ulike tilbod der vi ønskjer å oppdatere publikum om det som har skjedd og konsekvensane av den enkelte hendinga.

I nyheitssendingane i radio gjentek vi oftare kva som har skjedd fordi lyttinga ofte skjer medan folk gjer noko anna, eller der kjem nye lyttarar til. Vi har likevel fortløpande diskusjonar i redaksjonen på å utvikle sakene vi tilbyr, slik at innhaldet i sendingane skal vere relevant og vesentleg for dei som nyttar eitt av tilboda våre. At den samla nyheitsdekninga av ei sak kan opplevast stor og massiv har eg forståing for i dagens rikhaldige medietilbod, men å hevde at NRK driv drøvtygging av dei same nyheitene meiner eg det ikkje finst dekning for.

mvh

Hallstein Vemøy, Distriktsredaktør