Skrevet av Frank Sve, 1. nestleiar i transport og kommunikasjonskomiteen, FrP

AP skryter av kutt i ferjetakstar, men stakkars krok, sjølv der har «kuleramma» gått i stå. Skulle kutte 50 prosent av ferjetakstane, men har måtte gått tilbake i tid for å få med dei 25 prosentkutta i takstene som FrP og borgarleg regjering fekk på plass i juli 2021.

AP og SP her i fylket auka ferjetakstane år for år begrunna i påstått dårlig økonomi. Jammen merkeleg kuleramma dei har, når resultatet vart at fylket dei siste tre åra har gått med meir enn 700 millioner i overskot.

Kuleramma til AP og SP har kun ei ramme, og det er bruken av andre sine pengar.

At vi må ha eit næringsliv som faktisk må skape verdiane som det offentlige kan bruke til velferd, er totalt blåst vekk.

Tusenvis av arbeidsplassar her i fylket blir sett i fare med tidenes verste næringspolitiske statsbudsjett - og AP og Kjølmoen skryter av dette?

Skryter av eit statsbudsjett der det no er vanlege folk og næringslivet som verkeleg skal få betale, medan staten blir steinrik.

Transport, bygg og anleggsbransjen er frå før i trøbbel på grunn av skyhøg drivstoffprisar og aukande rente. Regjeringa kuttar no nye større vegprosjekt og sørger for oppdragstørke, der tusenvis av arbeidsplassar i desse næringane også vert sett i fare - men AP og Kjølmoen skryter av tidenes verste næringspolitiske statsbudsjett!

Kva skal ein med reduksjon i ferjetakstar eller gratis ferjer, dersom arbeidsplassane forsvinn og grunnlaget for hus og heim blir borte?