«Kakebok til himmels» var ei av overskriftene i ÅA laurdag. I artikkelen kunne vi lese om det fantastiske kakebok-prosjektet til damene i Ladies Circle her i Rauma.

Ideen om kakeboka var ein genistrek. Og evnen til å realisere ideen var svært god. I tillegg hugsa eg den smittande gleda og engasjementet de hadde.All honnør, og ein stor takk for det de framleis gjer for folket i Mumbeji i Zambia. Rapportar fortel at tilgang på reint og sikkert vatn har lagt grunnlaget for ei positiv utvikling for innbyggjarane i Mumbeji.

Takk frå eit imponert Prosjekt Z-medlem, Rune Singelstad