Svært bra at Per Devold setter foten kraftig ned mot innlegget (leiaren) i lokalavisa, som handlar om nedlegging av Setnesmoen og HV 11 til fordel for utbyggingsområde.
At nokon er så negativ til lokalt forsvar og lite informert om dagens forsvar, herunder HV 11, er verkeleg alarmerande.
Forsvaret må byggast opp over heile landet vårt, og ikkje byggast ned og sentraliserast.
HV 11 er ei nødvendig forsvars- og beredskapsgrein i nærområdet. Det kan vi som opplevde krigen mot Tyskland på nært hald skrive under på.
Kva seier dei politiske partia i Rauma om Setnesmoen og HV 11 sin vidare eksistens, og kva gjer dei for å behalde Setnesmoen og HV 11?
Brit Halkjelsvik Friisvold