I vedtaket om å byggje helsehus var det ikkje lagt opp til at det skulle lagast mat i dette huset. Då dette vart lagt for dagen tidleg i vår, var det mange som undra seg over dette, også nokre av dei som hadde vore med på vedtaket. Dei hadde nok dubba av i timen.

Rauma SV reagerte på dette, og sa at det bør lagast mat i helsehuset, i det huset der det skal serverast mest mat i heile Rauma. Det vart skrive ein god del om dette i avisa, og mange var samde med SV, også nokre politikarar frå andre parti. Administrasjonen i kommunen tok saka og vurderte produksjon av mat i helsehuset på nytt, saman med andre alternativ.

Saka vart lagt fram for formannskapet tysdag i førre veka. Men alt i utgangspunktet var matproduksjon i helsehuset dømt til å tape, fordi produksjonsmåten skal vere såkalla ”kok og kjøl”. Dette gir ikkje helsehuset andre føremuner enn at det er kort veg frå kjølelageret til serveringa. Men prisen blir fort 14 – 15 millionar ekstra for helsehuset, som er dyrt frå før. Å oppgradere kjøkkenet i sjukeheimen i Isfjorden vil koste berre ein tredel.

SV kunne sjølvsagt stått på sitt i formannskapet; Det skal lagast mat i helsehuset ! Framlegget ville ikkje hatt ein nubbesjanse. Løpet var køyrt. I staden valde SV å tale for nye perspektiv:

1. Å få til eit produksjonskjøkken i samarbeid med Rauma Vidaregåande skule. Det er mangel på institusjonskokkar i landet. Rauma vgs kan fylle noko av det rommet, kan bruke sin ekspertise til å heve kvaliteten på maten frå produksjonskjøkkenet, amstundes som dei får ein ny arena for praksis. Det er snakk om nye arbeidsplassar i Rauma.

2. Å få til eit produksjonskjøkken for heile Romsdal i samarbeid med Rauma Vidaregåande skule og arbeidsmarknadsbedrifta Astero. Her kan det bli 40 arbeidsplassar, ei kjempesak!

For SV blir det viktigast at maten blir av høg kvalitet, at dei som skal ete han kan bestemme sjølv kva dei vil ha, at produksjonskjøkkenet blir i Rauma, og at vi får nye, gode arbeidsplassar. Så får vi sjå kva som er den mest praktiske og økonomiske lokaliseringa; Sjukeheimen i Isfjorden, ved Rauma vgs, eller like ved Helsehuset. Om to år kjem maten på bordet.

Per Arne Skomsø, gruppeleiar